Vilkår for tilskotet
Styret i Skjåk Almenning ynskjer å gje tilskot til dei bruksberettiga som skal investere i driftsbygning. Føremålet med tilskot er å gje attende til dei som driv aktivt jordbruk i form av husdyrproduksjon, grønsakproduksjon eller liknande, og som treng å investere i driftsbygning tilknytt produksjonen.
Skjåk Almenning har to tilskotsordningar for investeringar i driftsbygning. Begge tilskotsordningar gjeld investering i nybygg, påbygg, ombygging eller anna oppgradering av driftsbygning i aktiv bruk innanfor tradisjonelle jord- og husdyrproduksjonar.
1. Eingongsstilskot på kr 100 000,- til dei som investerer meir enn kr 3. mill. (eks. mva og eigeninnsats) i driftsbygning på garden.
2. Tilskot til driftsbygning ved uttak av byggevarer på Bygger`n Skjåk.
Prosjektet må ha ein totalkostnad på over kr 100 000,- (eks. mva.), utan eigeninnsats. Ein kan få tilskot på inntil 20 % av faktiske kostnadar, opp til kr 200 000,- per gardsbruk over ein periode på 10 år.
Tilskot blir gjeve på bakgrunn i uttak av byggevarer* (ikkje verktøy) på Bygger’n Skjåk AS som skal nyttas på driftsbygningen. (*med byggevarer meiner ein her for eksempel varer til armering, mur/grunn, tak og vegg, festemidlar, dører, isolasjon, veggplater, måling/beis og liknande - lista er ikkje uttømmande).
Det er mogleg å søkje på begge tilskotsordningane, og ein kan få inntil kr 300 000,- totalt.
Kryss av i skjemaet under om du søkjer begge tilskotsordningar eller berre den eine.
Fullstendige vilkår for begge tilskota finn du på heimesida vår, i retningsliner for dei med bruksrett, under punkt 8 og 9. Ved å sende inn søknad godtek du retningslinene og vilkår for søknad.