Økonomigruppa har som mandat å halde kostnadane nede, og å sørgje for at vi følgjer både offentlege reglar og interne økonomirutiner. Dette betyr at hovudregelen er billigste hensiktsmessige reisemåte. Sør for Nordland er dette ofte tog (kostnaden er meir enn berre flybilletten, det er og transport til/frå lufthamna). Med hensiktsmessige betyr det at dersom det ikkje er mogleg å ta billigste reisemiddel, kan vi vere fleksible.
Vi kjem, etter å ha motteke skjemaet, til å sjå etter reisemåter, og booke dette for deg. Det kan hende at vi tek kontakt med deg for avklaringar.