Postkassa di blir opna med nøkkelbrikkene dine, og namnelappen endrast digitalt. Du har to linjer med tekst, og kvar linje kan ha maksimalt 20 teikn.
Mange som bur der?
Hugs at du ikkje må ha fullt namn på alle. Døme:
"Kari/Ola/Kristin Nordmann" i staden for "Kari Nordmann, Ola Nordmann og Kristin Nordmann".
Du kan òg ha tekst ala "K. Nordmann"
Ikkje reklame/fjerne ikkje reklame?
Opne kassa di med nøkkelbrikka, og medan den er open, trykk på grøn knapp.